Back

CHRISTOFFER TALLERÅS PÅ INTERNETT

Kunst, teknologi, politikk, rollespel og andre nerdete ting

Musikk med fri lisens

Eg elskar å høyre på musikk, men er dessverre ikkje noko flink til å spela musikk. Men det stoppar ikkje meg frå å vere nok så interessert i musikk. Min interesse har tatt meg til musikk med fri lisens.

Grunnen til at eg har ein spesiell interesse i slik musikk har å gjere med dagens internett situasjon. Musikk har blitt digitalt, akkurat som det aller meste i samfunnet om dagen. Og den digitale utviklinga har gått veldig fort og i gale retninga. Programvare pleide å vere berre rein kode som man kunne dele fritt og alltid ha tilgong til. Men på 80 tallet begynte næringsinteressene å ta hold i tillegg til land verden over begynte å innføre nye reglar og lovar for intelektuelle rettar. Detta og mykje anna har ført til ein utvikling kvar vi ikkje eig musikken vi kjøper eller likar.

Men ikkje all musikk er slik. Det er musikare og band som veljar å ta i bruk fri og etisk programvare til å lage musikken sin i tillegg til å dele musikken sin med fri lisens. Og med at eg har stor interesse for fri og etisk programvare så er detta ein herleg kombinasjon. Så eg prøvar å finne musikk med fri lisens som eg kan høyre på istan for anna musikk. Og eg har funnet at det er utruleg mykje sinnsykt bra musikk som er laga med fri lisens. Men dessverre er ikkje dei så veldig populære. Men det gjer at å finne og samle på album med fri lisens blir ekstra gøy. Då kan eg ha det gøy med å leite etter spennande musikk ingen har høyrd om før omtrent også kan eg donere litt pengar for fin og fantastisk musikk som respekterar meg og min digitale nøytralitet.

Liste over favorittalbum med fri lisens

Bandcamp

Eg likar å støtte musikare, men på meir etiske løysingar. Bandcamp er ein av dei. Du donerar pengar og får DRM-frie musikkfilar i bibliotek samlinga som du er fri til å lagre og spele slik du vil. I tillegg får artistane ein god andel av pengane du gjer dei i kontrast til andre musikkpalttformar. Du kan sjå bandcamp samlinga mi her.


Tenarskap av neocities