Back

CHRISTOFFER TALLERÅS PÅ INTERNETT

Kunst, teknologi, politikk, rollespel og andre nerdete ting

Bli med i fødiverset

Om du er lei av sosiale medier styrt av gigantiske selskaper som spionerar og samlar informasjon om kvardagen din? Då er er fødiverset svaret for deg. Og med fødivers så meiner eg universet av desentraliserte og fødererte sosiale medier.

Du står kanskje med litt gapende munn. "Kva er detta her?" Men det er heilt enkelt.

Vi har blitt vandt til å ha ein nettside som man lagar ein brukar på, slik som på Facebook, Twitter eller Instagram. Men slik treng det ikkje å vere. Med ein teknologi som heiter "Aktivitetspubben" så gjer den det moglegt å samansveise nettsidar slik at man kan prate på tvers av nettsidane. Disse nettsidene blir heller kalt instanser eller podiumer, fordi dei er berre ein plattform i eit større nettverk. Podiumene er frie til å velje kva slags podium dei vil samarbeide med, men i hovudsak samarbeidet alle ihop. Dei fleste podiumene er også ikkje drevet av selskaper, men av frivillige og donasjonar frå dei som bruker podiumene. Alt detta gjer at du kan ha kontakt med kven du vill så lenge nokon også er i fødiverset uta at man har overvakingselskapar i USA eller Kina som spionerar på deg eller har rare algoritmar som ingen har peiling på korleis påverkar tidslinja di.

Om du ikkje har brukar så kan du lesa meir og finne ut kva slags podium du vil lage brukar på i joinmastodon.org.

Ellers styrar eg det største norske podiumet som heiter snabelen.no kvar man er fri til å lage ein brukar.


Tenarskap av neocities